Auksjon mandag 21. november 2016 kl 18:00
Opdahl, Ørnulf(1944-)
Light over the Mountain

Olje på lerret
50x50
Signert, datert og påtegnet med tittel av kunstneren på baksiden av lerretet: Örnulf Opdahl 2003

Vurdering
NOK 50 000

Auksjonert mandag 21. november 2016 kl 18:00

Tilslag NOK 58 000

LITTERATUR: Gunnar Danbolt: Norsk kunsthistorie, Oslo 2009, 2. opplag 2015.

Ørnulf Opdahl (1944-) er gammal nok til at han faktisk var modernist i 1960-åra og måla nonfigurative bilde. Men etter å ha arbeidd med fleire ulike bildeuttrykk i 1970-åra tok han til å måle abstraherte landskapsmåleri frå barndomslandskapet sitt rundt Godøy utanfor Ålesund. Ein del av desse bilda glir friksjonsfritt inn i den norske landskapsmåleritradisjonen, men dei beste ligg og vippar mellom landskap og rein abstraksjon …. Det første ein legg merke til, er det påtakeleg sanselege ved pigmentet – han har da også tatt i bruk ei rekke ulike teknikkar for å oppnå eit fysisk nærvær som skal få oss til å sanse måleriet som måleri. Men på litt avstand kan overflata illudere eit landskap. Vi aner både fjell, hav og horisont, altså heile landskapet og ikkje berre fragment, som hos Sitter og Rumohr. S. 442.