Avsluttet
25 år Jubileumsauksjonen Grev Wedels Moderne og Klassiske

Auksjon mandag 4. desember 2017 kl 18:00

Våre lokaler

Visning 27. november - 4. desember

Hverdager 10:00 - 18:00. Lørdag og søndag 12:00 - 16:00.

Bergslien, Nils (1853-1928)
Hornsmeden 1896

Olje på lerret
132,5x147,5
Signert og datert nede t.h.: Nils: Bergslien 1896

Auksjonert mandag 4. desember 2017 kl 18:00

Vurdering
NOK 200 000–300 000 USD 24 600–37 000 EUR 21 200–31 700

LITTERATUR: Magnus Dagestad: Dei tre Bergsli-kunstnarane, Voss 1945, avbildet s. 97.

At Bergslien måla nisser, hulder, troll og haugfolk er sakte ikkje noko røynleg merke på heidendom. So lett kan me ikkje ta det. På ei vis so kan me seia at han trudde på desse "usynlege". Ei slag trugi tradisjonstru. Men mest var det at han var naturvar. Det levde ikring honom. Han kjende kor det anda i skog og lund, kor det kviskra yve vidder og ruster, kor det gret og klaga inni glopurd og under svarte hamrar. I so måte var han ein Vinje. Han trudde på federnes ånder og fekk seljefløyta til å gråta.
Eg minnest millom anna ein tur me hadde i fjellet. Me hadde kreke inn i ei av desse segnrike fjellbuene. Ho var innmurd i bakken og hadde takåsar av tre. I kråi ved døri var ei liti grua med skorstein. Ein sterk Eidfjordkaffi sprutkokte, og stemningi drog seg innpå oss. Me sat og rødde om troll og trollstøkk, hulder og huldrespel. Men best me sat slik, tyktest me høyra spel. Det minna stundom om huldreslåtten av Sjur Helgeland, og stundom om dyreslåtten. Om eit bel køya me oss i ein vierdunge borte i ei krå. Spelet steig og veikna av, og varde frametter kvelden so lenge me drøste om hildringi, og til me sovna. Hadde det vore råd å tvila på hulder og haugkall, so laut me no tru det med høyrde med eigne øyro. Om morgonen vakna me tidleg. Det hadde vore litt vind om kvelden, men no var det veikna av til eit lint drag. Nils steig opp på torvtaket og såg seg ikring. Han vart var ein dusk med turre grasstrå som stod innved den vesle skorsteinen. Dei vogga og svaga i linndraget. So legg han for moro skuld øyra nedtil og merkar i stor undring den same musikken som hadde tryllt oss om kvelden, men nauande veikt. Ventelog hadde tonane fylgt skorsteinen ned i bui og vorte styrkja ikkje lite. Ja, det dulde og trollskne var oppklåra. Men me var båe lite glade i den løysingi av gåta. Me ynskte heller huldreslåtten, eventyret og venleiken slik som me fekk det kvelden før. S. 97-98.