Auksjon fredag 19. november 2021 kl 10:00
Sørensen, Henrik(1882-1962)
Ola Slettom 1935

Olje på lerret
81x100
Signert og datert nede t.v.: HS 35

Signert og påtegnet av kunstneren på baksiden av lerretet: Ola Slettom. 1935 Henrik Sørensen

Ola Slettom (1900-1945).

Vurdering
NOK 10 000–15 000

Auksjonert fredag 19. november 2021 kl 10:00

Tilslag NOK 8 000

LITTERATUR: Jofrid Olsdatter Slettom, f. 15.des 1929, gift med Kaare Olssønn Kroken f. 1924, http://gjeilo.no/?page_id=57.

Jofrid har fortalt dette:

I 1920 gifta Anne Kvåle seg med Ola Slettom. Dei budde da ei stund på Kvåle. I desember fekk dei tvillingane Astrid og Margit. Dei var båe svake og Margit gjekk bort berre fire veker gamal. Frå der f løtte familien til Bøstugu. Der vart Marit fødd. Så fløtte dei til Ysthuset, eit hus som stod nedved vegen ved Stubbom. Frå der gjekk fløttelasset til ei stugu i Hågå (Hågåbakkstugu). Da var Astrid fire år og Marit tre.  Dette var ei svært vanskeleg tid. Det var ikkje arbeid å få for Ola og Anne sette opp ein vev og vov råndastakkty. Dei fire budde ei stutt tid i ei stugu i Juland og frå der fløtte dei til Aukrustbakken (Sygard Aukrust). Da tok Astrid til på skulen på Gutubøteigen og Jofrid kom til verda. Her hadde dei ei ku og nokre geit. Der var dei til Jofrid var seks år. Da fløtte dei til Live Klepp nordafor ysteriet.  Der vart familien berre eit år og så gjekk turen oppi Klepp. Eit par år seinare kom Synne Klepp, tanta til Ola heimatt og skulle ha att stugu. Familien måtte atter ut på flyttefot, nå til bedehuset søpå strånd. Men etter to nye år gjekk Synne bort og familien kunne fløtte attende til Klepp der familien vart buande.

Ola gjekk bort berre 45 år gamal og Anne vart dermed tidleg einsleg forsørgar for familien.